For åttande gang har NVE gleda av å invitere til Norges
energidager. I fjor deltok 500 personar frå alle delar av
energibransjen. Vi håpar at du ynskjer å delta i år.
Norges energidager
14. – 15. oktober 2010
Holmenkollen Park Hotel Rica, Oslo
Kraftsystemet vart sett på fleire store prøver i vinter. Fleire
stader kunne utfall av enkeltanlegg ført til straumstans i
dei kaldaste periodane. Norges energidager vil derfor ha
forsyningssikkerheit som tema i år.
I tillegg tek vi opp andre
aktuelle saker på ei rekke parallellsesjonar der du får møte
sentrale personar frå NVE og energibransjen. Mellom anna
vil du kunne høyre om korleis nettselskapa skal få dekka
sine kostnader, og om handtering av høgprisperiodar
for kraft.
Velkommen til årets energidagar!
Venleg helsing
Agnar Aas
vassdrags- og energidirektør
